Fellesrådet
Strand kyrkjeleg fellesråd er "kyrkja sitt kommunestyre." Rådet er samansett av to medlemer frå kvart av sokneråda, ein prest i Strand og ein kommunal representant, vald av kommunestyret.
Kyrkjeverja er sekretær og sakshandsamar. Det er ikkje direkte val på fellesrådet. Det er sokneråda som kvar for seg vel dei to representantane som skal sitja i fellesrådet, og det er biskopen som peikar ut kva prest som skal sitja der.