Strand kyrkjelyd


Eit fellesskap for alle aldrar!

 

Strand kyrkjelyd sin visjon er: Eit kristent fellesskap for alle

I 2014 kom det i gjennomsnitt vel 160 på kvar gudsteneste. Det er gudsteneste mest kvar søndag og heilagdagar, om sommaren om lag kvar tredje søndag.

Kyrkjelyden har eit stort spenn av aktivitetar for alle aldrar. Under er nokre glimt frå Årsmeldinga for 2013 som viser litt av dette. Elles kan de sjekka ut dei ulike tilboda under "knappane" Barn, Unge og Vaksne på nettsidene våre.

Ønskjer de å ta kontakt med kyrkjelyden, er det bare å ringa kyrkjekontoret på tlf 51741130. Kontoret har oppe kl 10-14 måndag-fredag.

 
GLIMT FRÅ 2014

Trusopplæringsmidlar til Strand
I 2014 blei dei siste prostia inkludert i Trusopplæringsreforma, og Strand sokn fekk endeleg Trusopplæringsmidlar. Desse skal nyttast til å styrkje arbeidet med trusopplæring til barn og unge.

Ungdomsarbeidarar
Richard André Helvig og Åsa Lindeflaten-Fiskå blei hausten 2014 tilsett i 10% stilling kvar, for å vere med i trusopplæringa. Dei er med i ungdomsarbeidet gjennom Klubb&KRIK og konfirmantar.

Samlivskurs 24.-25.januar
16 par deltok på samlivskurs i regi av kyrkjelyden. Kursleiar var Ole-Magnus Olafsrud frå Navigatørane.

Bispevisitas 11.-16.mars
Biskop Erling Pettersen hadde visitas i Strand, Jørpeland og Forsand sokn. I Strand sokn var hans hovudfokus arbeidet med å få ny kyrkje i soknet.

NaMu-undersøkjing
Våren 2014 blei det gjennomførte ei spørjeundersøkjing i kyrkjelyden i NaMU-programmet (Naturlig Menighetsutvikling).
På grunnlag av svara, får kyrkjelyden tilbake ein profil.
Dette er eit reiskap som skal hjelpe til å setje fokus på naudsynte satsingsområde i kyrkjelyden.

Godhetsveka
I juni var Strand kyrkjelyd for første gong med som medarrangør i Godhetsveka. Dette har vist seg å vere eit svært positivt tiltak som gir hjelp til menneske i kvardagen der dei er.

Årsmøte
Årsmøtet for kyrkjelyden var søndag 16.febr. etter gudstenesta.

Kyrkjelydstur
Strand soknerådet arrangerte ingen eigen tur dette året, men rekna stemne på Furutangen på Kr. Himmelfartsdag som kyrkjelyden sin tur dette året.

Allehelgensdag
Allehelgensdag, 2.november, blei dei som har gått bort siste året minna i gudstenesta. Dei som hadde mista ein av sine i løpet av det siste året, fekk invitasjon til gudstenesta. 
Om kvelden var det allehelgenssongkveld.

Konfirmantleir
Konfirmantåret starta med
3 dagars konfirmantleir før skulestart
i august. Leiren var på Furutangen leirstad
på Randøy, Hjelmeland
- ein god start på konfirmantåret.

50-års konfirmant-treff
Gullkonfirmantane var til stades på
ei gudsteneste i september, og drog etterpå til Ryfylkegarden Holta til samling. Soknepresten var med på samlinga.

Søndagsskule under gudstenester
Det var søndagsskule under ca 6 gudstenester i kvart semester i Kyrkjebakkehuset.

Alphakurs
Det blei halde Alphakurs i regi av Strand og Jørpeland sokn i Jørpeland kyrkje hausten 2014.

Husgrupper
Det var i 2014 knytt 7 husgrupper til Strand kyrkjelyd.

Aktiv-klubben
Har møte siste måndagen i månaden i peisestova på Tau bedehus. Gejnnomsnittleg møtte 35-40 personar.

Forbønstenesta
Det er forbønnsteneste i kyrkja kvar veke. Det var samling for alle som er med i forbønstenesta i februar saman med soknepresten.

Medarbeidarsamlingar
Det var i løpet av året samling med dei fleste tenestegruppene knytte til gudstenesta.

Misjonsavtalar
Strand kyrkjelyd har misjonsavtalar med NMS og Normisjon fram til mai 2016. Avtalane gjeld 2 prosjekt i Mali,
NMS: Sør-sør misjonærar, Normisjon: Fulanarsenter/radioarbeid.

Vedlikehald og utstyr Strand kyrkje
Arbeidet med rehabilitering av dei gamle måleria i kyrkja blei ferdig, og måleria kom tilbake til kyrkja. Rehabilitering av hovudtrappa og sideinngangen med universell utforming, blei ferdig våren 2014.
I juni var det dugnad på vask av kyrkja.

Givarteneste
Det var i 2014, 47 givarar som til saman gav kr. 212.600 til barne- og ungdomsarbeidet.

Ny kyrkje på Tau
Kommunestyret sette hausten 2014 av kr. 500.000 i 2015-budsjettet og 1,5 mill i 2016-budsjettet til planleggingsmidlar til ny kyrkje på Tau. Ei arbeidsgruppe med representantar frå kyrkja og politiske representantar, skal utgreie saka.

Tilbake