Konfirmasjon i Tau kyrkje

Konfirmasjon i Tau kyrkje


VELKOMMEN TIL EiT SPENNANDE ÅR SOM KONFIRMANT.

2026.  Konfirmasjon i Tau kyrkje lørdag 2.mai og søndag 10.mai

2027   Konfirmasjon i Tau kyrkje søndag 2.mai og lørdag 8.mai

 

 

 

Påmeldinga åpnar 12.mai

Konfirmantåret består av samlingar i Tau kyrkje tirsdag eller onsdag, gudstenester, ungdomsklubben Basic, valgfrie aktivitetsgrupper, heime-grupper og konfirmantleir.

PRESENTAJSONSGUDSTJENESTE: Alle konfirmantar blir presentert i ei gudsteneste i september.

Familien er spesielt velkommen.

Konfirmantane blir fordelt med halvparten på kvar gudsteneste, men det er lov å bytte.

 

Leir på Furutangen  28.-30.august                     Meir info kjem.

SAMLINGER I KYRKJA:  Det blir vanlege samlingar i kyrkja ca ein gong pr mnd. Det er tirsdager kl.18-19.30 eller onsdager kl.18-19.30

 

FORELDRE / FØRESETTE:

For å laga gode og trygge samlingar/ arrangement for konfirmantene, er vi avhengige av at foreldre kan stille på 1 oppgave i løpet av konfirmantåret; anten å vera med som praktisk hjelp, vera med i miljøet, ha med mat til kyrkjekaffi eller konfirmantfest, eller bidra på leiren eller på Basic.

Me sender ut informasjon til påmeldte via e-post til føresette og via Spond. 

Bli med i Spond-gruppa:  gruppelenke: https://spond.com/invite/YMPTD

Alle som skal gå på 9.trinn er velkomne til å vera konfirmant. 

Brosjyren      

PÅMELDING 

 

Forventningar og avtale for konfirmasjonstida. Skriv under og send til: bodil.sande.turoy@strand.kommune.no eller lever på informasjonsmøtet 15.mai

Pris utan leir: kr 200

pris med leir: kr 1800

For begge prisar utgjer kr 100 medlemsavgift i NMSU. Ved å ha konfirmantane innmeldt i NMSU får me Frifondstøtte frå staten, for 2024 fekk me ca kr 13500. Desse skal me bruka til gode for konfirmantane, og me kan gi lågare prisar på opplegget.

Meir om NMSU: www.nmsu.no

 

Betaling : Vipps til Strand menighet, konf.betaling #101255 eller betal til konto 3205 30 02233.

Merk med namn på konfirmanten og medl NMSU viss det er ok at konfirmanten blir medlem i NMSU

 

På www.konfirmant.no kan du lese meir om kva det er å vere konfirmant.             

Konfirmasjonstida er ei tid til å få læra meir om den kristne tru og om seg sjølv.
Kven er Gud? Høyrer Gud verkeleg bønn? Stod Jesus opp frå dei døde? Kven er Den Heilage Ande? Kva er meininga med livet? Seier Bibelen noko om kjærleik, det vonde, bruk av rus, vennskap, forbrukssamfunn, naturvern, rettferdighet... ?
Dette er nokre av dei tema me gjennom  undervisning, leir, gudstenester,  fasteaksjon, grupper tar opp i konfirmanttida.
Me har fokus på opplæring gjennom fellesskap, grupper, deltaking og erfaring.


 

 

Tilbake