VELKOMMEN TIL EiT SPENNANDE ÅR SOM KONFIRMANT 2024- 2025.
Konfirmasjon i Tau kyrkje lørdag 3.mai og søndag 11.mai 2025.
Konfirmantåret består av samlingar i Tau kyrkje tirsdag eller onsdag, gudstenester, ungdomsklubben Basic, valgfrie aktivitetsgrupper, heime-grupper og konfirmantleir.
Vi begynner året med ei "bli kjent samling" for alle påmeldte konfirmanter i august/september
PRESENTAJSONSGUDSTJENESTE: Alle konfirmantar blir presentert i ei gudsteneste i september. Familien er spesielt velkommen. Dei er 1.september og 8.september
Leir CAMP RYFYLKE- på Vaulali/Tau 26.-27.oktober. Leiren er i samarbeid med alle menighetane i Ryfylke og NMSU. Lørdag 26.oktober blir det fellessamlingar i Tau kyrkje og aktivitetar rundt om på Tau, det blir eigen påmelding til aktivitetane. Lørdag kveld og søndag er me på Vaulali. Meir info kjem
Mange gode tilbakemeldingar frå ifjor. Sjå gjerne eit kort videoglimt fra leiren i 2022.
SAMLINGER I KYRKJA: Det blir vanlege samlingar i kyrkja ca ein gong pr mnd. Det er tirsdager kl.18-19.30 eller onsdager kl.18-19.30
FORELDRE / FØRESETTE:
For å laga gode og trygge samlingar/ arrangement for konfirmantene, er vi avhengige av at foreldre kan stille på 1 oppgave i løpet av konfirmantåret; anten å vera med som praktisk hjelp, vera med i miljøet, ha med mat til kyrkjekaffi eller konfirmantfest, eller bidra på leiren eller på Basic.
Me sender ut informasjon til påmeldte via e-post til føresette og via Spond.
Bli med i Spond-gruppa Konfirmant Tau kyrkje 24-25. Gruppelenke: https://group.spond.com/OVPXK kode: OVPXK
Alle som skal gå på 9.trinn er velkomne til å vera konfirmant.
Brosjyren PÅMELDING
Under gruppevalg må du velje konfirmant i Tau kyrkje 2024/2025 og du kan du velje Camp Ryfylke og Konfirmant X
Påmeldingsfrist
Forventningar og avtale for konfirmasjonstida. Skriv under og send til: bodil.sande.turoy@strand.kommune.no
Pris kjem snart
For begge prisar utgjer kr 100 medlemsavgift i NMSU. Ved å ha konfirmantane innmeldt i NMSU får me Frifondstøtte frå staten, for 2023 fekk me ca kr 19000. Desse skal me bruka til gode for konfirmantane, og me kan gi lågare prisar på opplegget.
Betaling : Vipps til Strand kyrkje , konf.betaling #101255 eller betal til konto 3205 30 02241.
Merk med namn på konfirmanten og medl.avgift viss det er ok at konfirmanten blir medlem i NMSU
På www.konfirmant.no kan du lese meir om kva det er å vere konfirmant.
Konfirmasjonstida er ei tid til å få læra meir om den kristne tru og om seg sjølv.
Kven er Gud? Høyrer Gud verkeleg bønn? Stod Jesus opp frå dei døde? Kven er Den Heilage Ande? Kva er meininga med livet? Seier Bibelen noko om kjærleik, det vonde, bruk av rus, vennskap, forbrukssamfunn, naturvern, rettferdighet... ?
Dette er nokre av dei tema me gjennom undervisning, leir, gudstenester, fasteaksjon, grupper tar opp i konfirmanttida.
Me har fokus på opplæring gjennom fellesskap, grupper, deltaking og erfaring.