Konfirmant 2021-2022!
Konfirmantåret startar med leir på Vaulali i Bjørheimsbygd 27.-29.august
Konfirmasjon i Tau kyrkje lørdag 30.april og søndag 8.mai 2022
Ei generell brosjyre om konfirmasjon blir sendt frå Kirkerådet i løpet av våren til alle 8. klassingar.
Alle som skal gå på 9.trinn er velkomne til å vera konfirmant.
Noko du lurer på?
På www.konfirmant.no kan du lese meir om kva det er å vere konfirmant.
påmeldingsskjema kjem her
Det er nettbasert påmelding for konfirmantar.
brosjyre kjem her
Konfirmasjonstida er ei tid til å få læra meir om den kristne tru og om seg sjølv.
Kven er Gud? Høyrer Gud verkeleg bønn? Stod Jesus opp frå dei døde? Kven er Den Heilage Ande? Kva er meininga med livet? Seier Bibelen noko om kjærleik, det vonde, bruk av rus, vennskap, forbrukssamfunn, naturvern, rettferdighet... ?
Dette er nokre av dei tema me gjennom undervisning, leir, gudstenester, nattcup, tenesteaksjon... tar opp i konfirmanttida.
Me har fokus på opplæring gjennom fellesskap, grupper, deltaking og erfaring.