Her er praktisk informasjon om kva som er vanleg å gjera når nokon døyr.
Kva gjer vi?
Dersom dødsfallet skjer i heimen, må ein først av alt kontakte lege, slik at dødsattest kan bli skrive ut. Etter dette er det vanleg å kontakte presten eller eit gravferdsbyrå dersom ein ønskjer hjelp til å gjennomføre gravferda. Eit gravferdsbyrå vil kunne hjelpe til med dei fleste praktiske gjeremål. Av presten får ein vite når gravferda kan finne stad,og om andre forhold kring gravferda.
Her er ein brosjyre om gravferder i Strand, Hjelmeland og Forsand med meir informasjon.
Dersom ein engasjerer gravferdsbyrå, er det ofte dei som ringjer presten for å avklare tidspunkt for gravferda. Det er likevel ingenting i vegen for at ein tar hand om oppgåvene sjølv; stell av den døde, bestilling av kiste, kontakt med prest, annonsering, transport, eventuell trykking av songar, pynting av kyrkje m.m. Under sjølve gravferda kan dei pårørande delta med song, halde minneord, lese dikt m.m.
Ved kyrkjeleg gravferd kjem presten på besøk til dei pårørande før gravferda for å gå i gjennom ulike sider ved gravferda, få informasjon om avdøde for å kunne halde minneord, og for å samtale om ting dei pårørande ønskjer å ta opp.
Mange pårørande ønskjer å sjå den døde i kista. Dette er ein skikk som kyrkja vil oppfordre folk til å ta vare på, og i kyrkjene våre er det eigne bårerom til syning av avdøde.
I følgje norsk lov, skal gravferda finne stad innan åtte dagar etter dødsfallet. Ute på sjølve kyrkjegarden skal kista senkast som ledd i jordpåkastinga.
Den som syter for gravferda
Etter gravferdslova er det bare ein person som skal syta for og ha ansvar for gravferda. Dette inneber at vedkommande mellom anna må avgjere kor den døde skal gravleggjast dersom det er høve til det. Dessutan skal vedkommande bestemme kven som skal vere fester for grava.
Etter gravferdslova § 9 har avdødes næraste etterlatte over 18 år, i følgjande rekkefølgje, rett til å sørgje for gravferda (med mindre det ligg føre ei særskilt erklæring frå avdøde): Ektefelle, barn, foreldre, barnebarn, besteforeldre, søsken, søskens barn og foreldres søsken. Eit nytt vedlegg av juni 2001 til lova, gjev høve til ”person som levde i ekteskapslignende eller partnerskapslignende samboerskap med avdøde da dødsfallet fant sted” same rett som lova gir ektefelle. Sambuarar har derfor etter lova førsteretten til å sørgje for gravferda. Kyrkjeverja i Strand kan gje meir utførleg rettleiing om kven som skal sørgje for gravferda.
Andre forhold omkring dødsfall og gravferd/grav, sjå under kyrkjegardane i menyen over.
Skjema for godkjenning av gravminne finst her (for steinfirma).
Kontaktinformasjon; sjå under "Kontakt oss".