Ønskjer du ein utandørs vigsel? Ja, det er muleg!
Dersom du ønskjer å ha vigsel ein annan stad enn i ei av kyrkjene, er det frå og med 19. mars 2014 opna opp for utandørs vigslar på desse tre plassane i Strand:
• Mølleparken, Tau (kun utandørs)
• Jørpelandsholmen, Jørpeland
• Vaulali leirstad, Bjørheimsbygd (kun utandørs)
I tillegg er Dørvigå i Lysefjorden (Forsand) komme med på godkjende vigselsplassar utanom kyrkjene.
Ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf 51 74 11 30 eller e-post kyrkja@strand.kommune.no dersom du ønskjer nærare informasjon.
Ved vigslar på desse stadene kan det vera:
- at det er lokale forhold som gjer at brureparet må føreta bestilling/reservasjon av staden også hos andre enn kyrkjekontoret.
- at det av tilsettressurs kun er prest som er med ved utandørs vigslar
- at kyrkja ikkje pliktar å stilla med utstyr som følgjer med utandørs vigslar (lydanlegg, musikkutstyr, alter, lys, kors, stolar, etc).