Tau kyrkje


Tau kyrkje blei innvia 12.september 2021. 

Sidan 2005 har ein eigen komité jobba med planane for eit nytt kyrkjebygg. I 2012 munna dette arbeidet ut i ei konseptskisse som har fått tittelen “Sjømannskyrkja på Tau”. Reisinga av bygget er i full gong!

Søndag 21.juni 2020 var det grunnsteinsnedlegging.

Kyrkja skal stå ferdig sommaren 2021 med innviing søndag 12.september 2021.


Den berande ideen er at dette skal vera eit bygg med liv og aktivitet sju dagar i veka, etter mal frå sjømannskyrkjene rundt om i verda. Eit slikt bygg kan gjerne også husa kulturelle funksjonar som kulturskule og bibliotek – i tillegg til å vera ei storstove for Nordre Strand med plass til inntil 500 sitjeplassar og stort sceneparti. Prisen er førebels kalkulert til 56 millionar 2017-kroner, kor av 6 millionar skal dekkast av innsamla midlar – resten av kommunale/offentlege midlar.

Her kan du vera med å bidra til bygging av ny kyrkje på Tau.

Det er arkitektar frå HBA/Ratio som har fått i oppdrag å teikna den nye kyrkja. Konseptet deira "Vaffelhjerte" vann arkitektkonkurransen.

Her kan du sjå vinnarskissene som arkitektane laga (er blitt noko endra i den vidare planprosessen, blant anna eit mindre tårn - sjå illustrasjon).

Den eksisterande kyrkja, ei såkalla Linstow-kyrkje, er frå 1874 og har 284 sitjeplassar. Sidan ho er listeført av Riksantikvaren er det ikkje råd å byggja på eller om denne kyrkja.

 

Tilbake