Feste av grav

Feste av grav


Alle graver må ha ein ansvarleg for grava, kalla festar

Festar er den som bestemmer over grava/gravene.

Den har plikt til å halda grava ved like og rett til å bestemma kor lenge grava skal festast.

Nye graver er fri for betaling i 20 år. For Voster kyrkjegard gjeld 30 år.

For reservert grav betaler ein festeavgift frå den dagen dei blir reserverte.

Frå 1.1.2022 er prisen kr 250,- for ei grav pr. år. Det er kommunestyret som vedtek satsane på festeavgifta.

Ein betaler for fem år om gongen så lenge ein vil feste grava, og vanlegvis i max 60 år.

Har du spørsmål når det gjeld feste av graver ber me om at du ringer oss på tlf. 51 74 11 30.

Tilbake