Godkjenning av gravminne


Gravminnet må godkjennast av Strand kyrkjeleg fellesråd før montering.

Søknadsskjema

Om krav til gravminne, sjå Forskrift til lov om gravplassar, kremasjon og gravferd.

§ 4       GRAV OG GRAVMINNE

Gravminne skal godkjennast av kyrkjeleg fellesråd før dei vert sette opp, og setjast opp i samhøve med krava i lovar og føresegner gjevne av departementet. Det er ein fordel om arbeidet med å setja opp gravminne vert gjort av profesjonelle gravsteinsfirma eller folk som kan faget. 

Oppsetting skal gå føre seg på anvist plass etter avtale

På ny festa gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som er teken i bruk.

Gravminnet vert ståande der for godt.

Ekstrautstyr på gravminne er på eige ansvar, det skal tåle påkjenningar ved vanleg drift og vedlikehald av gravplassen.

Når festetida er ute og grava skal slettast, vil kyrkjegardspersonell fjerna gravminnet dersom ikkje festar har fjerna det sjølv. Gravminnet blir oppbevart av gravferdsforvaltninga i seks månader før destruksjon

Tilbake