Stell av graver


Strand kyrkjeleg fellesråd tilbyr avtale for stell av graver!

 

Alle har eit ønske om at det skal vere fint ved grava til sine kjære. Men for mange kan det vere krevande å gjere dette sjølv, anten fordi ein bur langt vekke, eller helse eller transport gjer det vanskeleg.

Fellesrådet kan  tilby avtale om stell med faktura for eitt år om gongen eller forskotsbetale for eit visst tal år.

Gravstell inneheld: Påskeliljer til påske, sommarblomar til 17.mai, påfyll når det trengst utover sommaren, grønt og krans i desember.

Gjødsling og jordforbedring om våren, luking og vatning  når det trengst.

Me kan og tilby stell for berre sommarsesongen, frå mai til september.

Me gjer merksam på at det for gravstellavtalane som gjeld heile året er tidsperiodar kor det ikkje er blomar eller pyntegrønt.

Det gjeld på våren før blomane kjem, og om hausten før me legg ned krans til jul.

 

Pris gjeldande pr 2021:

For grav med vanleg plantefelt                                                 kr 2000,

For grav med lite plantefelt/plate framfor gravminne.              kr 1700.

For stell og planter i sommarsesongen, mai-september          kr 1000

Tilbake