Kostnader ved gravferder
Kostnader ved gravferder

Her er finn du ei oversikt over offentlege kostnader i samband med gravferder.

Prisane gjeld frå 01.01.17.
Rekning for tenester som ikkje er nemnd her blir fakturert ut etter vanleg timepris.
Kostnader til gravferdsbyrå er ikkje tatt med her.
 
GRAVFERD
A For personar som ved sin død tilhøyrer Strand kommune, eller som på grunn av
alderdom eller sjukdom har budd i ein anna kommune dei siste åra, er følgjande tenester
gratis:
1. leige av kyrkjer
2. leige av kyrkjeleg tilsette
3. graving, gjenfylling og i standsetting av grav

Unntak:
Personar som ved sin død bur i Strand kommune, men tilhøyrer andre trussamfunn enn Den Norske Kyrkja skal betala for leige av kyrkje og kyrkjeleg tilsette:
1. leige av kyrkje kr 1440,-
2. leige av kyrkjeleg tilsette, minstepris kr 2520,- *

* Dersom det er innøving av spesiell musikk eller musikk saman med andre kan timetalet for organist bli høgare

* Dersom ein ynskjer å bruka eigen organist, kan ein avtala dette og dermed betala berre for kyrkjetenar.

B. Ut frå § 3 om betaling for leige av kyrkjene og § 5 betalingssatsar for bruk av kyrkjeleg tilsette og § 7 pkt 2 Betalingssatsar- graving av grav, jfr gravferdslova §6 og kyrkjelova § 20.
C.
Personar som har budd i andre kommunar mesteparten av livet, og som ved sin død
ikkje høyrer heime i Strand kommune, skal betala for graving og grav, samt leige av
kyrkje og kyrkjeleg tilsette. For personar som mot slutten av livet har flytta til andre
kommunar på grunn av andre årsaker enn alderdom eller sjukdom, gjeld same regelen
om betaling.

Satsane er slik:
1. - grav og graving for kistegrav kr 7700,-
eller
- grav og graving for urnegrav kr 1775,-
2. leige av kyrkje kr 1440,-
3. leige av kyrkjeleg tilsette, minstepris kr 2520,-*

* Dersom det er innøving av spesiell musikk eller musikk saman med andre kan timetalet for organist bli høgare
* Dersom ein ynskjer å bruka eigen organist, kan ein avtala dette og dermed betala berre for kyrkjetenar. 
 
D. Når det gjeld kremasjon har kyrkjeverja i Stavanger sett ein total pris på kr
5.300,- for denne tenesta. Strand kyrkjeleg fellesråd subsidierer med 1/3 av totalsummen, kr 3.500,-

1. eigenandel å betala kr 1800

Det er kyrkjeverja i Stavanger som til ei kvar tid fastset totalprisen her.