Skal du gifta deg?
Skal du gifta deg?

Her finn du informasjon om vigsel i Strand.

Bestilling av vigsel og avtale om tid og kyrkje for vigsel, skjer ved å ringje kyrkjelydssekretæren på Strand kyrkjekontor (tlf 51 74 11 30).

Kyrkjelydssekretæren vil då sende ein brev med nærare informasjon og med opplysning av kva for ein prest som skal vie. Før vigselen har presten ein vigselsamtale med brudefolka. I samtalen går ein gjennom programmet for vigselen, og dessutan snakkar ein saman om ekteskap og samliv.

Det er gratis å gifte seg i det soknet der ein av brudefolka er busett. Dersom ingen av brudefolka er busett i soknet, må ein betale for leige av kyrkja - og for kyrkjeleg personell.

Brudefolka får ei gåve frå kyrkjelyden der ein giftar seg. Denne varierer noko, men vil ofte vere ein brudebibel og/eller ei anna bok om ekteskap og samliv. Kyrkjekontoret i Forsand kan på forespørsel hjelpa til med å trykkja songark til vigselen til ein avtalt pris. Når det gjeld pynting av kyrkja, blir det gjort i samråd med kyrkjetenar i vedkomande kyrkje.

Dersom brudefolk som bur i Strand eller Forsand ønskjer å gifta seg ein annan stad, er dette som regel ikkje noko problem. Ta då kontakt med kyrkjekontoret i det soknet de skal viast.

Utfylte vigselsskjema skal sendast folkeregisteret i kommunen der ein av brudefolka bur for prøving av ekteskapsvilkåra. Å ”prøva ekteskapsvilkåra” vil seie at papira vert gått gjennom for å forsikra seg om at det ikkje er noko til hinder for ekteskap. Dette er den same saksgangen som hos byfogden. Papira vert så godkjent, underskrivne og sendt soknet der vigselen skal skje. Kontakt kyrkjekontoret der du bur dersom du har spørsmål.