"Nytt" steingjerde til jul
"Nytt" steingjerde til jul
Den gamle steingarden skal bli som ny - før jul!
Den søndre steingarden ved Strand kyrkjegard har sige saman fleire stader dei seinare åra.

Men nå er endeleg midlane på plass til å få retta opp steingjerdet, og arbeidet starta opp i byrjinga av oktober. Målet er å få steingjerdet opp igjen så likt som muleg som det har vore.

Sidan gjerdet ligg ved ein middelalderkyrkjegard, har Rogaland fylkeskommune si kulturavdeling vore med i planlegginga av prosjektet. Dette for å sikra at ikkje eventuelle fornminner blir øydelagde, og for å få steingarden opp att så autentisk som muleg.

Det er GS Schmidt frå Årdal som står for arbeidet, saman med blant anna Rogaland Naturstein og SK Langeland (prosjektering).

Dersom alt går som planlagt, vil steingjerdet stå strigla og stramt att før jul ein gong.