Slik blir den nye kyrkja på Tau
Slik blir den nye kyrkja på Tau

Fire arkitektfirma har nå levert sine forslag til korleis den nye kyrkja på Tau skal sjå ut.

Dei ulike forslaga har fått namna:

"Heima"
"Samspill"
"Sentrumskirken"
"Vaffelhjerte"


Viss du klikkar på namna, vil du få opp teikningar av dei ulike forslaga.

Nå blir det opp til ein jury oppnemnt av byggjekomiteen å avgjera kva for eit av forslaga som vinn konkurransen, og korleis den nye kyrkja blir sjåande ut.

Juryen har frist til november med å levera sin konklusjon.

Byggjekomiteen legg opp til eit folkemøte i slutten av november for å presentera vinnarforslaget. Informasjon om tid og stad kjem seinare.

Byggjestart for kyrkja blir sommaren 2018. Målet er at bygget skal stå ferdig i november 2019. Total kostnadsramme er 56 millionar kroner. Av dette skal kyrkjelyden samla inn 6 mill. kroner, medan resten er ei kommunal løyving.

Her er dei ulike arkitektane som ha levert forslag:

- JAJA Architects/Aros Arkitekter (Bogafjell kirke)
- Link Arkitektur (Nordlyskatedralen, Ålgård kirke)
- Brandsberg-Dahls Arkitekter (Sola Kirke, Fiskepiren)
- Ratio Arkitektur/HBA Arkitekter (Bøler kirke, Stavanger konserthus, ombygging Grieg-hallen)

Bidraga er innleverte anonymt, slik at juryen skal ta stilling til forslaga utan å vita kva arkitektfirma som har teikna.