Desse arkitektane skal teikna ny kyrkje på Tau
Desse arkitektane skal teikna ny kyrkje på Tau
Fire arkitektfirma er nå valt ut til å teikna forslag til korleis den nye kyrkja på Tau skal sjå ut. Leiar i byggjekomiteen, Tore Voster, presenterer kandidatane.
Innan fristen 10. april kom det heile 22 søknader om å få bli med i plan og design-konkurransen om å få teikna den nye kyrkja på Tau. Både lokale, nasjonale og internasjonale firma hadde lyst å få vera med i arkitektkonkurransen om å teikna det som har fått arbeidstittelen "Sjømannskjerka på Tau".

Den omfattande evalueringa av dei innkomne søknadene blei gjort med bistand frå innkjøpskontoret i Strand kommune og to av medlemmene i byggjekomiteen.

Då saka var oppe til behandling tysdag 25. april, slutta byggjekomiteen seg til at ein skal henvenda seg til følgjande fire tilbydarar for henta inn bidrag i plan- og designkonkurransen:

- JAJA Architects/Aros Arkitekter (Bogafjell kirke)
- Link Arkitektur (Nordlyskatedralen, Ålgård kirke)
- Brandsberg-Dahls Arkitekter (Sola Kirke, Fiskepiren)
- Ratio Arkitektur/HBA Arkitekter (Bøler kirke, Stavanger konserthus, ombygging Grieg-hallen)

Plan- og designkonkurransen vil bli lyst ut i første halvdel av mai, med ein innleveringsfrist i midten av september.

Deretter er det ein jury oppnemnd av byggjekomiteen som skal ta stilling til dei fire forslaga som blir leverte inn.