Landets første solkyrkje opna
Landets første solkyrkje opna

Nå er det bare å be om godt og lageleg vêr (les: sol) for å få fart på energiproduksjonen på taket av Strand kyrkje.

Søndag 23. oktober blei "Solkyrkja på Tau" offisielt opna under miljøgudstenesta ved ordførar Irene Heng Lauvsnes. Dermed er produksjonen av rein, fornybar energi frå det 200 kvadratmeter store anlegget i gang. Ca 23 000 kWh i året skal det etter planen produsera. Nok til eige bruk, og kanskje litt til.

Her kan du følgja produksjonen til soltaket på kyrkja direkte minutt for minutt.

Prosjektet er i all hovudsak finansiert med eksterne midlar. Enova har gått inn med 603 000 kroner, Stiftelsen Uni med 200 000 kroner og Lyse Energi med 100 000 kroner. I tillegg har KA gått inn med 250 000 kroner. Strand kommune har gått inn med 320 000 kroner til utbetring av roteskader i undertaket som blei reparert samstundes.