Rådyr på gravplassane
Rådyr på gravplassane

Rådyr kan tidvis gjera skade på blomar og vekster på gravplassane. Her er informasjon om blomar og planter som kan halda rådyra vekke frå gravene.

Strand kyrkjeleg fellesråd har mottatt henvendelsar frå pårørande som har familie gravlagt på Førland gravlund og som reagerer på at rådyr et opp og øydelegg blomar og planter som er sette opp ved gravene.

Det er trist og ubehageleg å komma til ei grav der blomar og planter er øydelagde av rådyr.

På bakgrunn av dette har fellesrådet søkt Strand kommune om skadefelling av nokre rådyr for å sjå om dette kan bøta på skadeomfanget. Strand kommune har svart at før ein eventuelt kan gå til avliving av dyr, må ein forsøka eit par andre tiltak først. 

Det vil derfor i løpet av vinteren 2016 bli rydda i nokre av randsonane rundt gravlunden for å redusera skjuleplassar og dagleie for rådyra. Det vil også bli lagt ut husdyrgjødsel enkelte stader på utsida av gravlunden, noko som kan vera eit effektivt tiltak for å halda rådyra borte.

Me vil også anbefala pårørande å sjekka ut kva blomar og planter som rådyra ikkje er så glade i. Her er lenker til to lister som kan vera nyttige i så måte - pluss andre tips for å halda rådyra vekke frå gravene:

Tips frå nettstaden hjortevilt.no

Frå Naturhistorisk Museum - liste over planter som rådyr ikkje likar.

I tillegg er det fleire som tilrår å omkransa gravminnet med ei blanding av blodmjøl, salmiakk og vatn. Dette skal kunna halda rådyra borte frå beda.

Artikkel frå aftenbladet.no om blodmjøl.