Ny kyrkje på Tau
Ny kyrkje på Tau

Heilt sidan 2005 har ein komite jobba med planane for ei ny kyrkje på Tau - "Sjømannskyrkja på Tau". Her kan du finna informasjon om prosjektet.

Sidan 2005 har ein eigen komité jobba med planane for eit nytt kyrkjebygg. I 2012 munna dette arbeidet ut i ei konseptskisse som har fått tittelen “Sjømannskyrkja på Tau”. Nå er status at endeleg tomt skal bli klar i løpet av 2016. Planlagt byggjestart er i 2018.

Her kan du lasta ned konseptskissa.

Den berande ideen er at dette skal vera eit bygg med liv og aktivitet sju dagar i veka, etter mal frå sjømannskyrkjene rundt om i verda. Eit slikt bygg kan gjerne også husa kulturelle funksjonar som kulturskule og bibliotek – i tillegg til å vera ei storstove for Nordre Strand med plass til inntil 500 sitjeplassar og stort sceneparti. Prisen er førebels kalkulert til 45 millionar 2012-kroner, kor av 5,5 millionar skal dekkast av innsamla midlar – resten av kommunale/offentlege midlar.

Den eksisterande kyrkja, ei såkalla Linstow-kyrkje, er frå 1874 og har 284 sitjeplassar. Sidan ho er listeført av Riksantikvaren er det ikkje råd å byggja på eller om denne kyrkja.

Her kan du laste ned førebels kostnadskalkyle - i 2012-kroner.

Her kan du lasta ned ein artikkel om prosjektet som stod i Preikestolen i 2012.

Kart: I planprosessen har det vore to aktuelle sentrums-tomter til ny kyrkje på Tau - tomta på Kvalshaugen (alt 1) er nå uaktuell som følgje av utvidingsplanar for Strand vidaregåande skule, medan rådmannen nå går inn for å løysa inn tomta nord for Rema 1000 (alt 2) til kyrkjeformål, torg og offentleg parkering. Saka skal opp i formannskapet 20. april og kommunestyret 27. april.